Sign In

Sign In

Fjordslottet Hotell

Fjordslottet Hotell

Kategori:

Product Description

Kjøpmannen Hambro fann elva som gav energi til Fotlandsvåg Bomuldspinnerie i 1851 – og bygga ein herskapeleg bolig til familien. Dette er i dag unike Fjordslottet Hotell, lokalisert på Osterøy i Vestland.

«Ei ukjend perle…,  ei godt bevart hemmelegheit» er uttrykk som går igjen frå gjester. Med Fjordslottet som base ligg alt til rette for spesielle og spektakulære opplevingar og aktivitetar. Osterøy er spennande og har unik natur, kultur, historie, attraksjonar og næringsliv.

Våre kurs- og møterom er ein kombinasjon av intime, hyggjelege stover og moderne kursrom med alt nødvendig AV-utstyr. Vi kombinerer rom etter behov og antall personar. Trådlaust nettverk er tilgjengeleg i heile hotellet. Her opplever du arbeidsro, konsentrasjon og kreativitet – og ikkje minst eit tett sosialt samvær og personleg kontakt med vertskap og personale.

Velkommen til ei herskapeleg hotelloppleving – vel 45 minutter frå Bergen.